Stortingsvalet og sametingsvalet 2025 - Førehandsstemminga startar måndag 11.august

Stortingsvalet og sametingsvalet 2025 - Førehandsstemminga startar måndag 11.august

Den som ynskjer det kan stemme før sjølve valdagen (førehandsstemme) i tida 11. august til og med 5. september (innanriks). Du kan førehandsstemme i Vanylven kommune eller i andre kommunar ved å møte opp i eit offisielt vallokale. Ta med legitimasjon.

For å kunne stemme ved stortingsvalet må du vere norsk statsborgar og ha fylt 18 år eller fylle 18 år innan utgangen av valåret.

I Vanylven kan du stemme på rådhuset, Fiskå måndag - fredag mellom kl. 09.00 – 15.00 og laurdag 30. august mellom kl. 11.00 – 14.00 og onsdag 3. september til kl. 18.00.

Har du stemt på førehand, kan du ikkje stemme på nytt på valdagen.

I kommunar med færre enn 30 personar i Sametingets valmanntal, slik som i Vanylven, er det berre høve til å førehandsstemme ved sametingsvalet.

Om du på grunn av sjukdom eller andre grunnar ikkje kan kome til vallokalet, kan du søkje om å få stemme på førehand der du oppheld deg (ambulerande stemmegjeving). Søknad om ambulerande stemmegjeving skal sendast til Vanylven kommune, Rådhuset, 6143 Fiskå innan kl. 12. torsdag 4. september.

Den som bur eller har opphald ved Vanylven helse- og omsorgssenter eller Syvdetun får høve til å førehandsstemme der. Dette vil bli kunngjort ved oppslag på institusjonane.

-Valstyret

Tore Fjeld