Stortingsvalet 2021 - her kan du røyste!

Stortingsvalet 2021 - her kan du røyste!

Det vert halde val på representantar til Stortinget måndag 13. september.

Du har røysterett om du er norsk statsborgar og fyller 18 år seinast 31. desember 2021. Du må vere registrert i manntalet for Vanylven 30.06.2021. Ta med legitimasjon. 

Røystekrins

Røystestad

Røystetid

Rovde

Rovde forsamlingshus

12.00 – 18.00

Myklebust

Fredtunkjellaren- Bygdastova, Syvde

10.00 – 18.00

Eidså

Eidsåtun

12.00 – 18.00

Fiskå

Kommunestyresalen, Combisenteret, Fiskå

10.00 – 18.00

Sylte

Syltefjord bygdehus

12.00 – 18.00

Åheim

Åheim skule

10.00 – 18.00

Åram

Åram skule – Grendastova

12.00 – 18.00

 

Hugs smittevern og hald avstand i vallokalet.

Sjuke og personar med forkjøling skal halde seg heime.

Heller ikkje om du er i covid-19 karantene skal du møte opp i ordinært vallokale på valdagen. Då skal du røyste i lokale på gamle sjukeheimen, Fiskå. Vi må få melding om dette snarast mogleg på valdagen. Du kan også få røyste heime. Søknadsfrist kl. 10.00 på valdagen.

Dersom du er i isolasjon på valdagen, kan du etter søknad få røyste der du oppheld deg (heime). Søknadsfrist kl. 10.00 på valdagen.

 

Vanylven valstyre

Lena Landsverk Sande

leiar