Informasjon om postlista i sommar

I sommarferievekene vil postlista ikkje bli oppdatert like ofte som vanleg. Dette kjem av redusert bemanning i ferieperioden. 

Vi oppdaterer postlista så snart det er mogleg, og takkar for forståinga. 

Slik styrkar du eigenberedskapen din

Slik styrkar du eigenberedskapen din

Myndigheitene anbefaler at flest mogleg skal kunne klare seg sjølv i ei veke om det skjer ei krise.

Vi lever i ei stadig meir uroleg verd, med mellom anna klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere førebudde på at ekstremvêr, pandemiar, ulukker, sabotasje og – i verste fall – krigshandlingar kan ramme oss.   

Kommunane og naudetatane må prioritere dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise.  

Ivar Kvaal/DSB

Sjekkliste for eigenberedskap 

  • Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker.    
  • Mat som toler å bli oppbevart ved romtemperatur.   
  • Grill, kokeapparat eller stormkjøken.   
  • Varme klede, pledd, dyner og soveposar.   
  • Fyrstikker og stearinlys.    
  • Ved, dersom du har vedomn eller peis.   
  • Gass- eller parafinomn som er berekna på innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring.   
  • Avtale om overnatting dersom du ikkje har alternativ oppvarming.
  • Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller.  
  • DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller.    
  • Legemiddel og førstehjelpsutstyr.   
  • Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande).    
  • Hygieneartiklar som mellom anna våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt.   
  • Batteri og fullada batteribank.   
  • Litt kontantar og fleire betalingskort.   
  • Mat og vatn til kjæledyr.  
  • Liste på papir med viktige telefonnummer som til dømes naudnummer, legevakt, veterinær, familie, vennar og naboar. 

Informasjon om eigenberedskap 

Brosjyre om eigenberedskap på ulike språk

 

Kilde: sikkerhverdag.no