Saker til formannskapsmøte 24.03.2026

Saker til formannskapsmøte 24.03.2026

Nedanfor kan du i korte trekk lese kva dei politiske sakene til det komande formannskapsmøtet 24. mars vil omhandle.

  1. PS 28/26: Vedtak om planvask og konsekvensutgreiing av arealinnspel i kommuneplanens arealdel

    I forkant av det ordinære formannskapsmøtet vert det helde arbeidsmøte for å førebu handsaminga av denne saka. 
    Kommunen jobbar med å lage ein ny arealdel av kommuneplanen. Formannskapet skal gjennomgå planvasken av arealplanen og eventuelt fatte vedtak på dette. I tillegg vil formannskapet vurdere behovet for konsekvensutgreiing av eventuelle ytterlegare innspel om konkret areal. 

     
  2. PS 29/26: Ny avtale om fallrettar mellom kommunane i sjustjerna og Tussa kraft AS

    Ny avtale om fallrettar mellom kommunane i sjustjerna og Tussa Kraft AS vert i denne saka framlagt for politisk godkjenning i formannskap og kommunestyre. Prosessen med å lande ny avtale har gått føre seg sidan sommaren 2024, og ny avtale ligg no føre. Kommunane har i fellesskap utarbeidd korrigert avtale som no er sendt til Tussa, og som anten vert godkjent eller som vil kome opp på eigarmøte til våren. 

     
  3. PS 30/26: Kjøp av aksjar – avvikling av Vanylven Utvikling AS

    Funksjonstida for Vanylven Utvikling AS gjekk ut 31.desember 2025. Det er semje mellom aksjonærane at Vanylven kommune overtek alle aksjane i selskapet, slik det er regulert i aksjonæravtalen frå 2010. Kommunedirektøren si tilråding er at kommunen kjøper alle aksjane i Vanylven utvikling for kr 168 000, og at dette vert finansiert gjennom bruk av det ubundne investeringsfondet. 

     
  4. PS 31/26: Revisjon av retningslinjer for lån i risikofondet

    Etter bestilling frå formannskapet vert reviderte retningslinjer for lån i risikofondet lagt fram for handsaming. Slik revidering av styringsdokument er også ein del av kommunens internkontroll.
    Det er føreslått fleire endringar i retningslinjene. Utlån frå fondet til kjøp av fast eigedom, samt støtte til gjeldssanering, refinansiering og dagleg drift, er utelukka. Verksemder som låner frå fondet må vere registrert og lokalisert i Vanylven kommune i utlånsperioden. Finansieringsgrensa for prosjekt som aukar kompetansearbeidsplassar, sysselsetting av kvinner og ungdom, samt nyetableringar, er redusert frå 50% til minimum 25%. Eventuell pant skal avgjerast av formannskapet eller kommunestyret. Vanylven utvikling AS er avvikla, og lånesøknadar skal no sendast til Vanylven kommune. Kommunedirektøren fastset godtgjersle for låneforvaltning til kr 75 000 i året, og kan innhente ekstern kompetanse ved behov.

     
  5. PS 32/26: Økonomireglement – heving av innkjøpsgrense og budsjettprosess med årshjul

    Stortinget har 29.januar 2026 vedteke endring i anskaffelseslova (Lovvedtak 26 (2025-2026)) som inneber heving av terskelverdien for offentlege innkjøp frå kr 100 000 til kr 500 000. Kommunestyre vedtok også i k-sak 09/26 budsjettprosess med årshjul. Dette er endringar som er naudsynt å implementere i kommunens økonomireglement. I denne samanheng har ein også føreteke forbetringar av reglementets struktur.

     
  6. PS 33/26: Søknad om finansiering av innsatsgruppe – Stad skipstunnel

    Kommunen har motteke søknad om støtte til innsatsgruppa for Stad skipstunnel, knytt til vidare arbeid med kunnskapsformidling og påverknad, og slik sak vert difor lagt fram for politisk handsaming i formannskap og kommunestyre.
    I søknaden framgår det at innsatsgruppa søkjer om kr 300 000 frå vertskommunane, og dette utgjer kr 100 000 for Vanylven kommune. Kommunedirektøren si tilråding er å gje positivt tilsagn til søknaden og at denne summen må finansierast frå kommunens politiske midlar.

     
  7. PS 34/26: Forskrift om fellingsavgift

    Det er utarbeidd forskrift om fellingsavgift for hjort i Vanylven kommune. Slik forskrift må sendast på høyring, jf. viltlova § 16. Det er eit krav frå landbruksdirektoratet at kommunane må lage ei forskrift for å fastsetje nivået på fellingsavgift for hjort. Slik fellingsavgift er ein kostnad som må betalast av jaktlaga til kommunen pr. felte hjort. Sum på fellingsavgift per i dag for hjortekalv er kr 100, og for vaksent hjortedyr kr 165. For hjort er maksimalsatsane 520 kr for vaksne og 310 kr for kalv. Kommunedirektøren føreslår ein sats på 50% av maksimalsats- dette utgjer ein sum på kr 260 for vaksen hjort, og kr 155 for hjortekalv.

     
  8.  PS 35/26: Uttale til høyring NOU 2026:1 En bærekraftig kommunesektor – Veterinærvakttilskot

    Kommunen er blitt kjent med at det pågår ei høyring, NOU 2026:1, som mellom anna gjeld framtidig finansiering av veterinærdekninga. Forslaget inneber at Vanylven kan miste tilskot til veterinærtenesten. Vi bør derfor svare på høyringa. Fristen er 10.04.2026. 
    Vanylven kommune tilrår at det øyremerkte tilskotet til veterinærdekning blir vidareført. Kommunen meiner at ei innlemming i rammetilskotet vil svekkje ei samfunnskritisk beredskapsordning og redusere moglegheita til å sikre stabile veterinærtenester i distrikta. Veterinærberedskap har avgjerande betydning for dyrehelse, mattryggleik, smittevern og låg antibiotikabruk, og dagens ordning er nødvendig for å oppretthalde desse resultata. Kommunen etterlyser ei grundigare vurdering av konsekvensane før eventuelle endringar blir gjennomført.

     
  9. PS 36/26: Klage på avslag på søknad om deling etter jordlova – Industri – Gnr 16 bnr 1, 12

    Fiskaa Maskin Eigedom AS har via advokat klaga på eit vedtak gjort av Vanylven kommune. Det gjeld avslag på søknad om deling etter jordlova, for å dele frå areal til industri på gnr 16 bnr 1 og 12 m.fleire. Arealet er avsett til landbruks-, natur- og friluftsområde med omsynssone landbruk i kommuneplanen. Deling inneber tap av 13 dekar dyrkbar jord.
    Kommunedirektøren si tilråding: Vedtak: Klagen inneheld ikkje nye, avgjerande moment og vert ikkje teken til følgje. Vanylven kommune held fast på førre vedtak der vi viser til jordlova §§ 9 og 12 og tilhøyrande føresegner. Grunngjeving til avslaget er jordvernomsyn. Saka vert å sende til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.