Omstillingsplan

Omstillingsplan

Kommunedirektøren vil med dette orientere om status for arbeidet med omstillingsplanen, som kommunestyret vedtok 8. april 2025. I planen var det skissert eit behov for omstilling på kr 27 million og følgjande innsparingstiltak var lagt fram:

 

 

Administrasjonen har parallelt med gjennomføring av dette arbeidet fått oversikt og kontroll over økonomien til kommunen i 2025. Kommunedirektøren stipulerer eit meirforbruk i 2025 på kr 23 million, dersom vi ikkje tek ei organisasjonsendring med reduksjon av 27 årsverk.

I denne samanheng vurderer kommunedirektøren det som viktig at vi også ser på organisasjonsstrukturen. Kommunen har i dag ein tre-nivås leiarmodell med kommunedirektør, kommunalsjefar og avdelingsleiarar – og vi har i dag følgjande avdelingsstruktur:

Kommunedirektøren vurderer at denne modellen ikkje er godt nok eigna til styring, verken på fag eller økonomi – noko som Kommunekompass-evalueringa i 2023 også viser. Med bakgrunn i dette så har kommunedirektøren lagt fram utkast til følgjande organisasjonsmodell for drøfting, med avdelingsstruktur som skissert frå ressurskartlegging til Telemarksforsking:

Utkast til ny organisasjonsmodell vart drøfta med hovudtillitsvalde i møte onsdag 30. april 2025, og blir lagd fram som orienteringssak for administrasjonsutvalet i møte onsdag 21. mai 2025. Deretter fattar kommunedirektøren endeleg vedtak 22. mai 2025 knytt til ny organisasjonsstruktur.

Saman med arbeidet med ny organisasjonsmodellen, så har kommunedirektøren vurdert nedtrekk av 27 årsverk, og har hatt drøftemøte med hovudtillitsvalde 9. mai 2025 om behovet for reduksjon i årsverk. I samråd med kommunalsjefane er det lagt opp til nedtrekk på ti årsverk i helse‑ og omsorgssektoren; ti årsverk i kultur‑ og oppvekstsektoren; fire årsverk i stab og tre årsverk i teknisk sektor. Både helse‑ og omsorgssektoren og kultur‑ og oppvekstsektoren ser ut til å kunne gjennomføre nedtrekka utan oppseiingar, sjølv om enkelte tilsette kan få tilbod om stillingsendring til andre oppgåver. Arbeidet med å kartleggje moglegheitene for nedtrekk i stab og teknisk går vidare.

 

Andreas Christian Nørve
-  kommunedirektør -