Kulturprisen 2026 Vanylven kommune - frist 30. oktober
Vanylven kommune og Sparebanken Møre deler årleg ut ein kulturpris til organisasjonar, einskildpersonar eller andre aktørar som gjer eller har gjort ein stor innsats for kulturlivet i kommunen.
Kandidatane skal vurderast ut frå ei vid forståing av kultur. Prisen er 5000 kr og eit kunstverk/minnegjenstand.
Kommunen vil gjerne ha framlegg til kandidatar på personar eller organisasjonar i Vanylven. Skriv litt om kvifor de ynskjer at denne organisasjonen eller personen skal få årets kulturpris.
Sendast til: postmottak@vanylven.kommune.no
Rådhusvegen 3
6143 Fiskå
Frist fredag 30. oktober 2026