Kommunen er i ein utfordrande økonomisk situasjon
Kommunedirektøren viser til at rekneskapet som er levert til revisor, viser eit meirforbruk på omlag kr 22 million. Dette gjev ein utfordrande økonomisk situasjon, som fører til at kommunen ikkje lenger har disposisjonsfond og difor må sjå på tiltak.
Pixabay.com
Vi har god dialog med tillitsvalde og mellomleiarar, og ser no saman på kva vi må gjere for å få balanse i drifta vår. Denne omstillinga blir krevjande og vi har starta prosessen ved å sjå på konsulentbruk; bruk av vikarbyrå og overtidsbruk.
Vidare må vi prøva å ta vare på den positive utviklinga vi har på fleire område, og her vil vi framheve det låge sjukefråværet som er på 7,77 %, mot over 12,29 % same tid i fjor.