Jordras på Eidså - 25.01.2025

Jordras på Eidså - 25.01.2025

Det har i dag gått eit jordras på Takset i Vanylven kommune og nedanfor jordraset er det busetnad.

Utklipp frå Kommunekart.no

Kommunen har i dag hatt synfaring i området og hatt dialog med NVE knytt til eventuell fare for desse bustadane. Men det blir etter dette vurdert at det ikkje er behov for evakuering.

Kommunen har likevel rekvirert geolog frå Norconsult, som vil ta ei vurdering av rasområdet i morgon føremiddag.

Dersom det skulle vere spørsmål knytt til denne saka, så kan kommunedirektør Andreas Chr Nørve kontaktast på 92847803.

_____________________
Andreas Christian Nørve
kommunedirektør