Innføring av Helseplattformen «ein innbyggjar, ein journal»

Innføring av Helseplattformen «ein innbyggjar, ein journal»

Vanylven kommune tok kl 04:05 i natt i bruk Helseplattformen - dette samtidig med sjukehusa i regionen. Med dette er Vanylven kommune ein av få plassar i verda, der vi har ein innbyggjar, ein journal - dette sidan Vanylven kommune har vore pilot på Helseplattformen sine løysingar for legekontoret og legevakta frå 2. desember 2023.

Helseplattformen er ein nødvendig samhandlingsløysing for Vanylven kommune. Dette for å kunne møte framtidas utfordringar, samtidig som vi sikrar pasienttryggleiken. Kommunedirektøren vil her spesielt vise til at alle aktørane no har oppdaterte legemiddelliste, og dette reduserer risikoen for feilbehandling som kan skje om ikkje aktørane har oppdatert kunnskap om medisinbruken til pasientane.

Pasientane vil gjennom Helseplattformen sin app HelsaMi, også ha tilgang til alle prøvesvar; legemiddeloversikt, besøkssamandrag og timebestillingar, og dette vil også vere heilt unik i samhandling mellom pasient og helsetenesta - der også pårørande kan få tilgang - og kommunedirektøren vil oppmode alle om å laste ned denne appen.

Vidare er kommunedirektøren sikker på at kommunen med dette vil bli eit "ustillingsvindu" som andre kommunar, fastlegekontor og andre aktørar innanfor helse- og omsorgssektoren vil sjå til. Det som eg er mest stolt av, er at dei tilsette i helse- og omsorgssektoren i all hovudsak har gjennomført innføring av Helseplattformen utan bistand frå andre.


 
Andreas Chr. Nørve

Kommunedirektør