Det er med djup sorg vi meddeler at Hans Majestet Kong Harald i dag gjekk bort. Kong Harald sovna stille inn på Rikshospitalet fredag 28. august, klokken 06.35.
Ein heil nasjon sørgjer, og står samstundes igjen i sterk takksemd for eit langt liv via til Noreg.
- Ein heil nasjon er i sorg
Gjennom meir enn tre tiår som konge viste Harald V ei urokkeleg tru på det norske folk. Han hjalp oss til å sjå det beste i oss sjølve – og i kvarandre.
Kong Harald fann orda som batt oss saman når det betydde som mest. Han sørga med oss etter 22. juli 2011. Han jubla med oss når norske utøvarar nådde dei største høgder. Og han gjekk fremst med varme, klokskap og openheit for eit samfunn med plass til alle. Kong Harald elska Noreg. Og Noreg elska sin konge.
Mi djupaste medkjensle går til dronning Sonja og heile kongefamilien i denne tunge stunda.
Det seier statsminister Jonas Gahr Støre ved Hans Majestet Kong Harald V sin bortgang.
Kong Harald V var fødd 21. februar 1937. Han vart 89 år gammal.
Regjeringa samlast om kort tid til regjeringskonferanse på Statsministeren sitt kontor og vil deretter møte den nye kongen til ekstraordinært statsråd på Slottet.
Rettleiar frå regjeringa knytt til nasjonale sørgjeperioden er her:
Hans Majestet kong Haralds bortgang - Veiledning til den nasjonale sørgeperioden - regjeringen.no
Ei siste helsing
Kondolanseprotokoll der du kan gi ei siste helsing til H.M. Kong Harald V, finn du på nærtenestesentert på Combisenteret.
Her kan du skrive ei siste helsing eller legge ei teikning om du ønsker.
Kyrkjeklokkene ringer for Kongen og kyrka er open
I dag var det ringt frå alle landets kyrkjeklokker mellom kl 12:00-13:00, i stor sorg og takksemd.
Kyrkjene er open for alle som ynskjer ein stad for å minnast og ta avskjed med kong Harald.
I dag, fredag, er alle kyrkjene i kommunen open frå kl. 18:00-20:00.