Du jobbar i langvakter i komprimert turnus og bur på kommunalt hybelhus for kr 100 per natt. Hybelhuset ligger i kommunesenteret, der alle tenestene for helse- og omsorgssektoren er lokalisert.
Kommunedirektøren skal nå leggje fram ei politisk sak om å utvide ordninga. Dette ved at vi også betaler for reiseutgiftene, slik at vi til dømes dekker for flyreiser/reiseutgifter til og frå kommunen.
I samband med den politiske saksutgreiing, ynskjer vi å kartleggje di interesse for å søkje på stilling hos oss, der du har:
- langvakter
- komprimert turnus
- kommunalt hybelhus
- nedskriving av studielån (også kjent som Finnmarksmodellen)
- «fly inn - fly ut»
Meld tilbake til oss dersom dette er interessant, og send gjerne ein open søknad med CV til:
ressursbanken@vanylven.kommune.no
Andreas Christian Nørve
kommunedirektør