Endring i bøsseinnsamlinga til TV-aksjonenI år vil det ikkje bli gått rundt med bøsser i samband med TV-aksjonen, slik det tidlegare har vore tradisjon for. I staden vil det bli lagt ut bøsser på alle matbutikkar i bygdene frå måndag 05.oktober. I tillegg kan du gi til vår digitale bøsse. Sjå meir informasjon om dette lengre nede i artikkelen.TV-aksjonen i år går til Atlas-alliansen.Dei skal opne dører for menneske med nedsett funksjonsevne som lever i krig og fattigdom. Saman skal vi gi naudhjelp, utdanning og moglegheiter til eit betre liv.Du bidreg til at 200 000 menneske med nedsett funksjonsevne og familiane deira i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia kan få eit betre liv.Paul Sindre Vedeld og Irma Moen I år går TV-aksjonen av stabelen søndag 19.oktober.Har du lyst å gi til TV-aksjonen?Du kan støtte vår digitale bøsse her: Vanylven kommune si digtale bøsseEller Vipps: 2133