Ekstraordinært formannskapsmøte 27. juli 2026 kl. 09:00 – forskrift om bruk av særskilde siktemiddel ved ordinær jaktDen nye viltressurslova, som tok til å gjelde 1. juli 2026, innfører eit generelt forbod mot bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel (særskilde siktemiddel) ved ordinær jakt.Bruken av slike siktemiddel har ikkje vore lovregulert tidlegare og har difor vore nytta på jakt. Blant hjortejegerane i våre område har bruken vorte utbreidd dei seinare åra, ettersom teknologien gradvis har vorte lettare tilgjengeleg og rimelegare.I samband med den nye lova er det gjort endringar i forskrift om utøving av jakt, felling og fangst (jaktutøvingsforskrifta), som opnar for at kommunane kan fastsetje lokal forskrift om bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i ope terreng. Føremålet med heimelen er ei meir effektiv og målretta forvaltning av hjort der dette er naudsynt for å avverje alvorleg skade på naturen eller samfunnsinteresser.Det er utarbeidd eit utkast til lokal forskrift, i tråd med tilsvarande utkast i nabokommunane. Utkastet må leggjast ut på høyring i seks veker. Dersom formannskapet vedtek å leggje forskrifta ut på høyring, kan ho behandlast i kommunestyret 7. september 2026.