Eigen rekrutteringsstrategi og handlingsplan mot 2026

Eigen rekrutteringsstrategi og handlingsplan mot 2026

Hovudoppgåva til Vanylven kommune er å bygge gode samfunn som ivaretek innbyggjarane sine gjennom å levere effektive teneste med høg kvalitet. Det kan vi berre klare ved å skaffe rett kompetanse og utvikle arbeidskrafta som vi har. Å sikre rett kompetanse er ei utfordring for dei fleste distriktskommunar. Vanylven kommune vedtok før jul ein rekrutteringsstrategi og handlingsplan mot 2026. Så langt er vi einaste kommunen på Søre Sunnmøre.

Inge Sveen (HR-leiar) og Andreas Chr. Nørve (Kommunedirektør)

Rekrutteringsstrategi

I 2022 vart det utarbeidd ein rekrutteringsstrategi ført i pennen av kommunedirektøren. Han henta inspirasjon frå Stjørdal kommune som gjorde liknande for nokre år tilbake. Strategien har seks innsatsområde. I arbeidet, har vi m.a. sett på sentrale element for kva som kjenneteiknar sjølvrekrutterande og attraktive verksemder. Vi har og lagt vekt på trendar og utviklingstrekk i rekrutteringsarbeidet. Innsatsområda er:

 

1. Profesjonalitet i rekrutteringsprosessar

2. Leiing og leiarutdanning

3. Kompetanseforvaltning og karriereutvikling

4. Ungdomsutdannings- og yrkesval

5. Innovasjon, teknologi og arbeidskraftreserver

6. Profilering og omdømmebygging

 

Handlingsplan mot 2026

Det vart i juni 2022 sett ned ei arbeidsgruppe som bestod av administrasjon og tillitsvalte. Desse var Randi Aarønæs (Delta), Monika Seljeseth (Fagforbundet), Jørgen Vik Våge (Utdanningsforbundet), Eli Tefre Nordal (kommunalsjef), Frode Vik (kommunalsjef) og Inge Sveen (HR-leiar). Eit utgongspunkt var å slå fast at utfordringar knytt til rekruttering gjeld i alle sektorar. Føremålet var difor å kome med tiltak som famnar heile organisasjonen.

 

Mandatet til arbeidsgruppa var å foreslå konkrete tiltak for å styrke rekrutteringsstrategien. Vi har fått innspel frå tilsette og innbyggjarar gjennom spørjeundersøking lagt ut på intranett og på heimesida. Med bakgrunn i forslag og tal innkomne svar, såg vi at dette er noko som opptek og engasjerar dei fleste. Før jul hadde vi eit ferdig produkt som vart vedtatt i kommunen sitt Administrasjonsutval.

 

Vi håpar planen er eit bidrag i å behalde og sikre god kompetanse i kommunen framover!

 

 

Rekrutteringsstrategi 2023-2026 (PDF, 716 kB)

 

Handlingsplan rekruttering 2023-2026 (PDF, 592 kB)