Vinteren nærmar seg – no skal brøytestikkene ut

Vinteren nærmar seg – no skal brøytestikkene ut

No nærmar vinteren seg, og det er tid for å setje ut brøytestikker langs vegane i kommunen.

Vi ønskjer å gjere merksam på at det enkelte stader står elektriske gjerde svært nær vegen.
Dette gjer det vanskeleg for dei som skal setje ut brøytestikker, og kan i enkelte tilfelle føre til at det ikkje er mogleg å plassere stikkene der dei skal stå.

Vi ber derfor eigarar av elektriske gjerde om å sjå over plasseringa av gjerda og, dersom det er mogleg, flytte dei litt lenger bort frå vegen.
Då blir det enklare å få sett ut brøytestikkene på ein trygg og god måte før vinteren.

Vi håpar på forståing og hjelp frå alle som har elektriske gjerde langs vegane. Ei lita justering kan gjere arbeidet mykje enklare for dei som førebur vegane til vinteren.