Vi gratulerer kulturprisvinnar 2022 Olav Høgset !

Vi gratulerer kulturprisvinnar 2022 Olav Høgset !

Bilde lånt frå Synste Møre

Av Lars Myklebust
Han har spela, sunge, dirigert, måla og drive organisasjons- og kulturarbeid i eit halvt hundreår. Og denne  veka har Livsløputvalet i Vanylven vedteke at  kulturprisen for 2022 skal tildelast Olav Høgset. Vi gratulerer ein verdig vinnar!

Annonse frå Synste Møre : https://synste.no/2022/11/24/han-spelar-pa-mange-strenger/

Av Lars Myklebust
– Takk skal du ha.  Det er alltid kjekt å bli sett pris på, og det var det ein hyggeleg telefon å få, smiler prisvinnaren då vi berre eit god time etterpå møter han i stova i Sandvika på Hakallestranda. Nordmøringen har slått djupe røter på her i bygda, men dialekta si heldt han fast på.

– Eg prøver. Men når eg kjem til Høgset i Gjemnes kommune der eg er ifrå, blir eg skulda for å ha forandra på språket mitt. Og det er vel ikkje til å unngå etter alle desse åra, smiler prisvinnaren. Han legg til at dei er ofte på Høgset framleis her han voks opp i ein typisk vestnorsk filskarbonde-heim.

– Ja, det var heilt etter boka, det. Far min dreiv fjordfiske med sjark, og så hadde vi ein liten gard med to-tre kyr og litt småfe. Bror min har bygt hus på garden og driv vidare med fiske. Eg og dei to søstrene mine flytte ut. Ei av dei er tvilling med meg. Ho døydde dessverre for nokre år sidan, fortel Olav.

Og apropos flytte ut. Etter realskulen – der han forresten spelte i bandet «The biting Seagulls» – gjekk ferda til Eid og toårig gymnas. Der møtte han Anne Karin frå Hakallestranda – og som det så ofte blir sagt: Resten er historie. Olav drog vidare til Volda for å gå på lærarskulen – budde delvis på hybel der, og delvis på Hakalletranda.

– På lærarskulen tok eg musikk som fag, og lærte mykje som eg har hatt nytte av seinare. Teori og notelære til dømes. Med det grunnlaget lærte eg sjølv å spele gitar etter notar. Eg gjekk ut frå lærarskulen frå i 1973. Då var det eit vikariat ledig på skulen her, og eg fekk det. Vi tenkte begge, både Anne Karin og eg, at vi ville flytte, men så laga det seg slik at vikariatet her i krinsen vart gjort permanent. Og her blei vi!

Og det kan folket i grendene i det som vart Åram skulekrins, prise seg lukkelege for. Den unge læraren hadde både evner, anlegg og ikkje minst lyst til ta del. Han gjekk inn både i kor og korps. Snart stod han med korpsdirigentpinnen i handa.

– Eg hadde ikkje korpsbakgrunn i det heile då det vart behov for ny dirigent. Men det synte seg at den musikkteorien eg hadde lært, hjelpte meg godt – og eg tok meg inn i det. Det var eit par tiår i den rollen. Det vart også også dirigering av kor i fem, seks år – det var eige blandakor i Åram krins den gongen, fortel han.

Og slik har det halde fram: Gitarspel og song der folk møtest. Og ikkje minst, formidling og undervisning:

– Eg treivst godt med å undervise i musikk i skulen, men samstundes var det dei timane eg også grudde meg litt til. Eg visste at her møtte eg yte for å få det til å fungere. Men du verda så mykje kjekt vi har hatt – og kor mykje det har gitt meg tilbake. For nokre år sidan laga vi, ein gjeng ungdomar og eg, bandet «The Stranders» som turnerte rundt om i bygdene. Vi var heilt til Stadt, ler Olav. 

Det seier vel kanskje litt i breidda om Olav sitt engasjement at han også i seinare år var aktiv i grupppa «Stormsvalene» som underheld på omsorgssenter, på basarar og tilstellingar kring om. Ein språkleg parallell til starten i «The biting Seagulls» kanskje. Skal vi dermed seie at slik at ringen er slutta? Nei, langt ifrå, Olav har langt frå lagt inn årane: 

– Eg har no slengt meg med i eit band som nettopp er starta også – eg trur ikkje det har fått noko namn endå, smiler han. Men bedyrar samstundes at no trappar han ned: Til dømes har han fått avløysing som fast gitarist hos Vanylvsdragarane, som han har vore i fleire år. Og litt tid til musikk «for seg sjølv» blir det også, påstår han. Gitarspel og komponering. Han har sett tonar til dikt skrive av lokale diktarar som Marie Lovise Widnes og Harald Molvik. Men ikkje berre lokale: For nokre år sidan var diktet Havsalme av Helge Stangnes  presentert i Synste Møre sitt julenummer med Olav sin melodi på notar. 

Harald Molvik, som vi nett nemnde, er også medskuldig i ei anna av Olav sine interesser og innsatsområde:

– Både kona mi, svigerfar min Olgar Kobbevik, og ikkje minst rektor på skulen der eg jobba, Harald Molvik, var svært historieinteresserte. Slik vart eg også dregen inn i engasjementet for lokalhistorie og sogelaget der eg har vore med i styret i 20 år, trur eg. Leiar var eg vel i åtte. No har eg trappa ned der, men er litt med mellom anna når det gjeld omvising på modellbåtutstillinga vi har på skulen på Åram, fortel prisvinnaren.

Og når vi først er gang: Han har også fleire år i styret for Vanylven mållag – og sjølvskriven medlem i laget sitt husorkester Målbandet.

Frå sofaen der vi sit under denne samtalen, ser vi rett mot veggen med seks barneportrett.

– Ja, det er barnebarna, seier Olav – og røper dermed endå ein måte han uttrykker seg på. 

– Eg har alltid vore glad i å teikne. Men dette med målinga kom som resultat av eit kurs for nokre år sidan. Etter det vart det danna ei gruppe som møtest på skulen på Åram ein gong i veka. Det er sosialt og kjekt, og eg har stor glede av det, sjølv om eg ser at fleire der er i en annan divisjon enn eg.

Biletet av barnebarna gir oss også sjansen til å spørje litt meir om familien.

– Vi har fått tre søner, som kvar har funne seg makar og fått to barn kvar. To av desse familiane har vi hos oss her på stranda. Ja, dei som bur nærast er rett over hovudet på oss, seier Olav og peikar opp mot etasjen over.

– Men den tredje er flytt ut – og det langt ut også. Han bur i USA, og har gjort det i kring 20 år no. Det gjer at vi ikkje får møte dei så ofte som vi skulle ønskje, naturlegvis. 

Det er ein oppegåande og kvikk kar som sit i sofaen rett overfor oss. 

– Eg er i fin form, mykje betre enn for ti år sidan. Ja, eg trur nok at forma er betre enn ho var for tjue år sidan også. 

Fortel om vidunderkuren!

– Det er rett slett det at eg bestemte meg for å endre livsstil. Siste delen av yrkeslivet var eg sterkt plaga av dårleg helse. Eg måtte gi meg i skulen før eg eigentleg ville på grunn av det. Det var fleire ting som skranta, mellom anna var det ustanselege tilfelle av hjarteflimmer. På sjukehuset i Volda kalla dei meg ein gong «fredagsgjesten» ettersom eg hadde vore lagt inn tre fredagar på rad! Eg trur eg hadde kring 30 såkalla elektrokonverteringar i den perioden. Det vart noko betre etter eit inngrep dei gjorde på St. Olav i Trondheim – og så var det eg bestemte meg for å legge om livsstilen. For min del betyr det at eg går ein time kvar dag. Oftast går eg på turvegen som går herifrå og oppover til gapahuken på Dalebøen. Det har blitt ei rutine som eg nesten har blitt avhengig av – og det har gitt meg eit langt betre liv, seier Olav Høgset.

Og godt er det, både for prisvinnaren og oss andre. Vi treng ja-menneske som Olav i form til at ta del i kulturlivet i bygdene våre. Måtte ein fortent kulturpris bli inspirasjon til å halde fram.