Vi er klare for Monsiaden onsdag 1.juni

Vi er klare for Monsiaden onsdag 1.juni

 

Onsdag 1.juni er det duka for den 25. arrangeringa av Monsiaden. Denne dagen har vi venta på lenge og no er den endeleg her. 
- Kulturrådgjevar, Veslemøy Ervik seier dette er eit arrangement som har vore sårt sakna gjennom ein lang pandemi. No er vi endeleg tilbake og er klare for å ta imot mange deltakarar frå kommunane på søre Sunnmøre, Stad, og Kinn.

Leikane startar på Eidsåvoll kl. 10:00. Då vil det vere tilsaman 160 deltakara frå Kinn, Stad, Ulstein, Volda, Ørsta, Hareid, Sande, Vanylven og Herøy som besøker stadionen på Eidsåvoll denne dagen. Når leikane er slutt vert det servert pølse med brød, kake og kaffi. 
Dagen vert avslutta med fest på Eidsåtun der utdeling av medaljar og premiar vil skje, og ikkje minst dans og musikk frå Merkesteinane og Fjøresteinane.