Varsel om vedlikehald: Periodar utan vatn frå Korsneset til Åheim, torsdag 5. mars
Torsdag 5. mars må Vanylven kommune utføre arbeid på ledningsnettet. Dette kan medføre at ein periodevis vil vere utan vatn frå Korsneset til Åheim. Arbeidet startar torsdag klokka 09.00 og vil vare utover dagen. Det er venta at dei fleste vil ha vatn frå bassenget på Åheim, men dette kan vi ikkje garantere for heile dagen. Nokre husstandar vil kunne oppleve lågare vasstrykk under arbeidet.