Planområdet
Planområdet ligg på austsida av Krokenesvågen i Syltefjorden, og utgjer om lag 18,7 daa.
Formål
Målet med planen er å legge til rette for vidare drift og potensiell utvikling av eksisterande næring knytt til fiskeri innanfor område E51 i kommunens arealdel, planID: 1511-001. For E51 er det i gjeldande KDP sett krav om detaljregulering før utbygging.
Merknader til oppstartsmeldinga
Eventuelle innspel til planarbeidet merkast med «E51 Krokenesvågen, planID: 1511-202304» og sendast anten som e-post til jan@mulvik.no eller som brev til: Mulvik AS, Holmen 7, 6100 Volda.
Innkomne merknader vert saman med planframlegget sendt til kommunen for handsaming og utlegging til offentleg ettersyn. Ein treng difor ikkje sende kopi av merknaden til kommunen.
Frist for innspel: 08.07.2024
Etter at fristen for innspel er ute, vert planframlegget utarbeidd og innsendt til Vanylven kommune for vidare handsaming. Etter eventuelle justeringar, legg kommunen planen ut til offentleg ettersyn. Det vert då høve til å kome med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming med sikte på endeleg godkjenning av planen