Vanylven startar opp att «Trygt heim for ein 50-lapp»

Vanylven startar opp att «Trygt heim for ein 50-lapp»

No er ordninga «Trygt heim for ein 50-lapp» på plass igjen i Vanylven. Ungdom kan dermed på nytt nytte seg av eit rimeleg transporttilbod for å kome seg trygt heim frå fritidsaktivitetar og arrangement. Vanylven kommune har fått 35.213 kroner i tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune for å starte opp tilbodet igjen. Ungdom betaler ein eigenandel på 50 kroner per tur.

Ordninga er retta mot ungdom mellom 15 og 22 år og er eit samarbeid mellom Vanylven kommune og Vanylven Taxi. Tilbodet gjeld fram til 28. februar 2027.

Ved bestilling ønskjer Vanylven Taxi at turen blir bestilt seinast klokka 20.30 same kveld. Dette er for at taxiselskapet skal få høve til å planleggje køyringa. Ungdom som ønskjer å nytte seg av ordninga, kan ta kontakt med Vanylven Taxi for å bestille transport.

Fylkeskommunen har fordelt totalt 500.000 kroner mellom 14 søkjarar. Alle kommunar som oppfyller minimumskrava, får ein grunnsats på 20.000 kroner. Resten av midlane blir fordelte etter mellom anna talet på ungdommar, kollektivtilbod, avstandar og eigenandel.

Vanylven kommune skal rapportere om bruken av tilskotet innan 28. februar 2027.