Kommunedirektøren vil med dette orientere om at kommunen har jobba med å få på plass ny organisasjonsmodell, der vi går frå ein tre-nivåmodell til ein to-nivåmodell med verknad frå 1.sept.2025. I den samanheng har tre kommunalsjefar og stabsleiar fått nye stillingar, og ein har frå 1.september tilsett èin kommunalsjef for fag, økonomi og utvikling.
Kommunedirektøren har personal- , fag- og og økonomiansvar for 11 mellomleiarar samt kommunalsjef for fag, økonomi og utvikling. Når det gjeld fagansvaret så har vi fagleiarar knytta til områda kultur og oppvekst; helse og omsorg; stab og teknisk som vil bistå kommunedirektør.
Kommunen har etter omorganiseringa følgjande organisasjonskart frå 1.sept.2025.

For område fag-, økonomi og utvikling er det tilsett kommunalsjef som også er kommunedirektøren stedfortreder. Det er Karoline Lundås som er tilsett som kommunalsjef for fag, økonomi og utvikling, frå 1.sept.2025.

Avdelingane som Lundås skal leie inneheld følgjande stillingar:

Kommunalsjefane for kultur og oppvekst, helse og omsorg og teknisk sektor har teke ned totalt 28,8 årsverk frå 1.juli/ 1.aug 2025, og har sikra at dei nye avdelingane er operative frå 1.september 2025. Gjennom omstillingsprosessen har ein gjort nedtrekk på totalt 28,8 årsverk i organisasjonen, og har som tidlegare nemnt teke vekk eitt leiarnivå.
Kommunedirektøren har sikra budsjettrammer for dei nye avdelingane for 2026 og desse har vore til politisk handsaming i formannskapet 2.september og skal til vidare politisk handsaming i kommunestyre utover hausten 2025, og er lagt ut på høyring.
Nedafor er det gitt ei oversikt over nedtrekk på 28,8 årsverk som ligg inne i budsjettforslaget som no er på høyring.



Andreas Chr. Nørve
kommunedirektør