Vanylven kommune har no vorte medlem i Nettverk for fjord- og kystkommunar (NFFK)

Vanylven kommune har no vorte medlem i Nettverk for fjord- og kystkommunar (NFFK)

NFFK har sidan oppstarten i 2009 vore den einaste organisasjonen som varetek interessene til fjord- og kystkommunane, og slik sett vært kystens viktigaste stemme i hovudstaden - nettverket består i dag av 80 medlemmer frå Farsund i sør til Båtsfjord i nord.

Regjeringa sitt forslag om grunnrenteskatt på havbruk er eit døme kor viktig eit slikt medlemsskap er. Sjølv om Vanylven kommune gav høyringssvar til denne saka, så står vi mykje sterkare dersom vi kanaliserer vårt engasjement i slike saker gjennom NFFK.

Vårt medlemsskap er knytt opp mot at vi er ei kommune med sterkt engasjement for distrikta, og eit ønskje om å legge til rette for vidareutvikling av næringane der vi har spesielle fortrinn som havnasjon. 

Skal vi utvikle nye næringar basert på Noregs fortrinn, må det gjerast i nær tilknyting til områda der ressursane faktisk finst; anten det er vatn, vind, fisk, mineral eller anna. Desse ressursane finst ikkje i dei store byane, men i distrikta og i Vanylven. 

Berekraftig utvikling av naturbaserte næringar, som til dømes lakseoppdrett, er særleg avhengig av tilrettelegging og aksept i mange lokalsamfunn og vertskommunar på kysten. Vanylven er ei havbrukskommune der vi er godt etablert innan opprett. Det er ikkje alle havbrukskommunar som er like, men Vanylven er opptatt av å ta vare på alle dei ulike sidene ved å vere ei oppdrettskommune.  

Når vi er mange som saman fortel om korleis vi lever og vil utvikle samfunna våre, blir vi lettare høyrde og forstått gjennom eit medlemskap i Nettverk for fjord- og kystkommunar.