Vanylven kommune har i dag tilbode Andreas Christian Nørve stillinga som kommunedirektør

Vanylven kommune har i dag tilbode Andreas Christian Nørve stillinga som kommunedirektør

 

Vanylven kommune har i dag tilbode Andreas Christian Nørve stillinga som kommunedirektør. Han har vore delvis utlånt til oss frå Herøy sidan midten av desember, etter at vi vart samde med tidlegare rådmann om å avslutte samarbeidet. Nørve har i desse månadane vore ein god støttespelar for konstituert rådmann Frode Vik, leiargruppa og det politiske miljøet. 

 Kommunen har gjeldande ein utlånsavtale fram til 31.03, men vi er i god tru på at Nørve tiltrer kort tid etter det. Vi har heile vegen hatt god dialog med Herøy kommune, og vil takke for den gode samarbeidsånda dei har synt, i forståing for den situasjonen vi sto i.

 Både tillitsvalde og politikarar hadde Nørve som førsteval, og vi er svært takksame for å kome til ein avtale med ein leiar som gjennom intervju har vist at han innehar dei kvalitetane vi etterspurte i utlysinga. Nørve har god kjennskap til kommunen gjennom mange år som økonomiansvarleg, assisterande rådmann og rådmann i Vanylven, og kjem no tilbake til oss etter å ha vore vekke eit par år. Han har i denne tida skaffa seg nye erfaringar, ny kunnskap og kan gå i gong med ny entusiasme.