Vanylven kommune går mot skya!

Vanylven kommune går mot skya!

Bilde lånt frå Pixabay

Vi ønskjer å informere om arbeidet som har vore gjort knytt til den digitale infrastrukturen i Vanylven kommune.
Sidan vi no er godt i gang med utmeldinga av SSIKT, har vi allereie flytta fleire av våre datasystem til skya. Styringssystemet til kommunale bygg (Normatic) er flytta ut 26. juni 2023 og Visma blir flytta ut 1. juli 2023. 

Ved å flytte systema våre til sky, ønskjer vi å auke effektiviteten, sikkerheita og tilgjengelegheita til våre digitale tenester. 

Overgangen til skybasert datasystem gir oss mykje fordelar. Ved å utnytte skylagring og skytenestar får ein moglegheita til å skalere tenestene raskt og kostnadseffektivt. Dette betyr at vi kan tilpasse kommunen sine behov på ein betre måte og levere tenester som er meir pålitelege og brukarvennlege. 

Vi ønskje å forsikre våre tilsette og innbyggjarar om at overgangen til skybaserte system ikkje vil påverke tilgjengelegheita eller kvaliteten på dei tenestene vi tilbyr. Tvert i mot forventar vi at dette vil forbetre brukaropplevinga og gjere det enklare for innbyggjarane å få tilgang til dei nødvendige tenestene kor som helst, og når som helst. 

Vi vil også informere om at vi har lyst ut stilling som IKT-ansvarleg i kommunen , der vi søkjer ein erfaren og dedikert person som vil spele ei sentral rolle i arbeidet vidare med skybaserte tenester. I tillegg til dette har vi allereie sikra oss ein IKT-lærling, Erling Hunstad, som vil jobbe tett på den nye IKT-konsulenten. Dette vil bidra med å styrke kommunen og sikre kontinuiteten i våre IKT-tenester. 

Prioriteten vår er å sikre ein jamn overgang og minimere eventuelle forstyrringar under prosessen. Vi vil vidare jobbe tett på våre leverandørar for å sikre ein mest mogleg smidig overgang. Dersom det skulle oppstå utfordringar på enkeltområde vil kommunen umiddelbart sette inn ekstra ressursar for å kompensere for dette. 

Kommuneadministrasjonen