Vanylven Frivilligsentral har fått midlar frå Sparebankstiftelsen Søre Sunnmøre og frå fylkesutvalet, slik at det i år kan tilbys matkasser til jul. Matkassane inneheld varer retta mot julehøgtida, og ein kan melde inn ynskje om matkasse både for seg sjølv eller til nokon ein kjenner. Ta kontakt med frivilligsentralen både for innmelding, og evt.spm rundt prosjektet.
Frist for å melde inn ynskje er 12.desember.