Utkast til ny arealdel til kommuneplanen
Kommunen har med bistand av ABO utarbeida eit kartgrunnlag til arealdelen.
Kartet viser den gamle arealplanen, med skraverte felt på administrative forslag til det som skal takast ut av planen gjennom planvasken.
Den viser også dei nye innspela som er til konsekvensutgreiing. Dei er rama inne med raude liner.
Vi gjer også oppmerksom på at formannskap og kommunestyre jobbar med ei liste over område som dei ikkje vil skal fjernast gjennom planvasken.
Dette er det ikkje teke hensyn til på kartet enno.
TEMAKART: Planvask Vanylven KPA
Dersom du vil sjå detaljane for eit bestemt område, så må du zoome inn for å sjå endringane.
Kommunestyret skal 26. mai 2026 ha arbeidsmøte knytt til arealdelen.
Når endeleg plan er klar og den politiske behandlinga er avslutta blir forslaget til ny plan lagt ut på høyring.
Utklipp frå planvask KPA
Publisert 15.05.2026 12:59