Ungdomslos på plass i Vanylven

Ungdomslos på plass i Vanylven

Vanylven kommune har nyleg fått på plass to nye ungdomslosar som skal vere eit lågterskelstilbod for ungdom som treng litt ekstra støtte i skulekvardagen. Prosjektet starta opp i august, og stillinga er framleis under utvikling.

Vi ønskjer Eline Norhagen og Håkon Larsen velkomne som ungdomslosar i Vanylven kommune, og ser fram til det viktige arbeidet dei skal gjere. 

Ungdomslosane skal først og fremst vere der for ungdom mellom 12 og 20 år som står i fare for å falle utanfor, eller som allereie opplever utfordringar knytt til meistring og trivsel i skule og anna opplæring. Målet er å fange opp utfordringar tidleg og bidra til at ungdommane får den hjelpa dei treng for å kome seg vidare.

-Vi ønskjer å vere eit lågterskeltilbod. Det skal vere enkelt for ungdom, foreldre, grunnskulane og vidaregåande skular å ta kontakt, og vi ønskjer å kunne hjelpe både førebyggande og når utfordringar melder seg, fortel ungdomslosane. 

Stillinga er delt i ei 100 prosent stilling, og kommunen er i gang med å forme innhaldet i rolla etter kvart som prosjektet kjem i gang. 

Hybel prosjektet - Følgjer opp ungdom på hybel 

“Hybelprosjektet” som er eit nytt førebyggjane systematisk arbeid for tidleg oppfølging av ungdom i overgangen mellom ungdomskule og vidare skulegang. Alle elevar som gjekk ut av 10.trinn våren 2026 vil bli kontakta av ungdomslosane i Vanylven kommune kort tid etter skulestart, og igjen etter haustferien. Formålet er å førebyggje fråfall ved å oppdage utfordringar på eit tidleg tidspunkt, setje nødvendig støtte og bidra til at ungdommen held fram i opplæringa. 

Slik kjem du i kontakt med dei nye ungdomslosane

Ungdomslosane held til på Fiskå og har kontor på Vårsol (gamle sjukeheimen), men kjem også til å vere omreisande og møte ungdom enten heime eller på skulen, ungdommen kan sjølv kontakte ungdomslosane på telefon eller mail. Foreldre, skule eller andre vaksne kan også kontakte på vegne av ungdom. 
-Vi gler oss til å bli kjend med ungdommane i Vanylven! - fortel undomslosane.

Kontakt oss på ungdomslos@vanylven.kommune.no

Eller direkte:

Eline Norhagen
Tlf: 418 72 781
Epost: eline.norhagen@vanylven.kommune.no 

Håkon Larsen
Tlf: 418 72 837
Epost: hakon.herum.larsen@vanylven.kommune.no