Test av Nødvarsel onsdag 14.januarOnsdag 14. januar klokka 12 blir Nødvarsel på mobil og Sivilforsvaret sine varslingsanlegg testa over heile Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve.Nødvarsel DSB Meir informasjon om varslingsprøva er publisert på nødvarsel.no: https://www.nodvarsel.no/Dette skjer når Nødvarsel blir testaTesten blir utløyst mellom klokka 11.55 og 12.10 den 14. januar 2026.Når du mottar testen, vibrerer telefonen og spelar av ein høg, sireneaktig lyd i ca. 10 sekund.Ein tekst dukkar opp på skjermen. I teksten står det at dette berre er ein test.Varselet kan "dragast" vekk eller fjernast ved å trykke "ok" (Dette avheng av kva type telefon og operativsystem du har).Teksten i varselet kjem i to språkvarsjonar - ein norsk og ein engelsk.Varselet mottast og blir vist på alle mobiltelefonar som er Skrudd påKobla til mobilnettet (4G/5G)Oppdatert med nødvendig programvare