Tertialrapport 2022

Tertialrapport 2022

Tertialrapporten kan du lese her 

 

Forord

Kommunedirektøren viser til at sektorane i 2022 hatt fokus på arbeidsmiljø, økonomi og sjukefråværsoppfølging, og det gode arbeidet av dei tilsette har gitt gode resultat - og der mellomleiarane og kommunalsjefane har vore viktige støttespelar til sine tilsette. I denne samanheng så viser kommunedirektøren til at kommunen begynner å få kontroll på økonomien. Vidare så har ser vi ei positiv utvikling knytt til sjukefråværstala også - dette sjølv om vi 1. tertial fekk ei auke i sjukefråværet på grunn av korona-utbrot i mars så vil det arbeidet som er gjort det siste året gi resultat i 2. tertial. 

Vi har sjølvsagt utfordringar og spesielt ser kommunedirektøren at det kan bli eit gap mellom oppgåvene som blir gitt og resursar som vi har til oppgåvene - og dette må vi sjå på når vi ser på budsjettet for 2023. Dette er nok ikkje noko spesielt for Vanylven kommune og vi må effektivisere rutineoppgåvene og slik at vi sikrar at vi frigjere tid til primæroppgåvene våre. 

I dette perspektivet så er det viktig å starte med rapportering digitalt og 1. tertial 2022 er den første rapporten som i hovudsak blir levert digitalt og som vil vere ein meir effektiv og meir nøyaktig måte å levere rapport på. Det er klart at når dette er nytt, så vil det vere manglar ved rapporteringa og høgst truleg feil, men slik vil det vere  når nye system blir teke i bruk.