Tekniske problem hjå Microsoft

Tekniske problem hjå Microsoft

Oppdatering kl.15:15, 13.11.2026: Systema er no i orden, og alt fungerer som det skal igjen.

Microsoft har for tida tekniske problem som påverkar fleire av tenestene kommunen brukar. Dette fører til at e-post, kalender og bookingsystemet vårt er mellombels ute av drift.

Kva betyr dette for deg?

  • E-post: Vi får ikkje lese eller svare på e-postar.
  • Kalender: Vi får ikkje tilgang til kalenderane til dei tilsette.
  • Booking: Bookingsystemet vårt er mellombels ute av drift.

Andre kommunale tenester fungerer som normalt.

Har du ei sak som hastar, ber vi deg ta kontakt med oss på telefon via sentralbordet.