Sunnmøre friluftsråd inviterar til hengekøyetur med overnatting

Sunnmøre friluftsråd inviterar til hengekøyetur med overnatting

 Denne haustferien inviterar Sunnmøre friluftsråd deg som er nyskjerrig på ei natt litt utanom det vanlege. 

Arrangementet er gratis og det føregår 07-08.oktober.

Informasjon om nøyaktig oppmøtestad vert sendt til påmeldte!

"Vi startar med ein kortare tur, til eigna område for å etablere leir. Her lagar vi vår eigen hengekøye landsby, der alle sette opp si eiga seng for natta.
Før vi fell til ro blir det lagt opp til bålkos, med moglegheit for å varme kveldsmaten sin på bålet. Eit godt ostesmørbrød eller ei pølse?

Vi ber om at deltakarane har rikeleg med varm bekledning, hugs at hausten kan være kjølig. Dette er med på å legge tilrette for ei positiv oppleving. Vi oppfordrar også til at deltakerane let mobilen vere avslått/lydlaus, i ryggsekken. Det blir lagt opp til felles kveldsro før ei god natt søvn. 

Ta kontakt med Sol Kvavik Idland på e-post friluftsskule@friluftsraadet.no for meir informasjon.