Store nedbørsmengder: Ta ein sjekk rundt eigedomen
I samband med store nedbørsmengder, oppmodar vi innbyggjarane til å ta ein liten sjekk rundt eigen eigedom.
Sjå gjerne etter om stikkrenner, vassvegar og kumlokk på eller like ved eigedomen er frie for lauv, greiner, gras og anna som kan hindre vatnet i å renne fritt.
Ei enkel opprydding kan bidra til å førebyggje at vatn samlar seg opp og skapar unødige utfordringar.