Sterk og Stødig søkjer frivillige instruktørar til helsefremjande og førebyggjande treningsgrupper for seniorar 65+

Sterk og Stødig søkjer frivillige instruktørar til helsefremjande og førebyggjande treningsgrupper for seniorar 65+

  

På Fiskå har vi ei treningsgruppe i sterk og stødig. Den er diverre fullbooka og difor ikkje opa for fleire deltakarar no. Då det viser seg at dette er eit populært tiltak, vonar vi å starte opp nye grupper til hausten, og då også i fleire bygder i Vanylven.

Til dette treng vi fleire som melder seg som frivillige instruktørar. Er dette noko for deg?

Treninga gjennomførast ein gong i veka på dagtid. Det kan godt vere fleire som deler på ansvaret for same gruppa.

Som instruktør får du eit opplæringskurs, og det blir fagleg oppfølging av fysioterapeutar i kommunen.

Treningsgruppene er eit ledd i satsinga på førebygging av funksjonssvikt og fall.

 

Ved interesse, ta kontakt med fysioterapeut Silje Marita Vallestad, tlf 469 41 898 / 700 30 129 eller send e-post til silje.marita.vallestad@vanylven.kommune.no