Særleg på Musikalsk førskule har det vore mange elevar i år. – eg vonar dette vil vere ein rekrutteringsarena for korpsa, seier Myklebust.
Lars Myklebust
Påmelding til kulturskulen
Rammene til drifta til kulturskulen er oppe til politisk behandling, men du kan no likevel søkje kulturskulen. Rektor i kulturskulen, Lars Myklebust, oppmodar dei som veit at dei ynskjer ein kulturskuleplass uavhengig av om den er heilt gratis eller ikkje, om å søkje med det same.
- Men det er klart, i år set vi søknadsfristen litt seinare enn vanleg, slik at ein veit om tilbodet vert gratis eller ikkje før ein søkjer, seier rektor i kulturskulen, Lars Myklebust.
Han fortel at evalueringsarbeidet knytt til gratis kulturskule har vore oppe i fleire utval allereie, og skal opp i kommunestyret 12. Mai. Kommunestyret avgjer då om ein skal halde fram med kulturskule utan eigenbetaling for undervisinga.
- Det har vore mykje positivt med prøveordninga, og eg vonar vi får halde fram litt lenger. Vi har sett ein klar trend i auke i elevtalet dei to åra vi no har hatt kulturskule utan eigenbetaling for undervisninga. Samstundes har vi også sett at prisen pr elevplass går ned etter som at vi som jobbar i kulturskulen får litt meir trøkk på oss og effektiviserar tilboda våre, seier Myklebust
Søknadsfristen for kulturskulen er sett til 17. mai i år.
- Det er så greitt å ha ein dato som er enkel å hugse for både heimane og meg, seier Myklebust.
Det kjekkaste er å spele saman! Desse fire jentene frå Vanylven er kanskje unge, men viktige musikkaktørar i korpsmiljøet i kommunen.
Lars Myklebust