Vi er inne i årets eigenberedskapsveke, og temaet er øving. Vi oppmodar alle innbyggarar til å øve og ta naudsynte grep for å styrke eigenberedskapen.
sikkerhverdag.no
Den landsomfattande Eigenberedskapsveka 2023 vert gjennomført frå måndag 30. oktober til søndag 5. november. På sikkerhverdag.no ligg fire enkle øvingar som alle kan gjennomføre på mobilen. I tillegg vert det her gitt mange gode tips til korleis vi kan få dekt grunnleggande behov i ein eventuell krisesituasjon.
Du kan lese meir om eigenberedskap på https://www.sikkerhverdag.no/
Du er ein del av beredskapen i Noreg
Ved store hendingar og kriser som rammar mange, kan ikkje alle få hjelp med ein gong. Då må styresmaktene prioritere hjelp til dei som treng det mest.
Det vil seie at mange innbyggarar må vere førebudde på å måtte klare seg sjølve i nokre dagar ved straumbrot, viss dei mister tilgangen på reint drikkevatn, telefonnettet/internett er nede – eller det vert vanskeleg å kome seg ut for å handle.