Skal du selje eigedom eller prosjektere draumebustaden?

Klikk for stort biletePå e-torget kan innbyggarar og andre kjøpe kart- og byggesakstenester  Kommunane på Søre Sunnmøre lanserer onsdag 16. september e-Torg - nettbutikk for geografiske data og byggesakstenester.

Dette er kommunane sin nettbutikk for sal av kart, eigedomsdata og byggesakstenester. Her finn du digitale kart, meglerpakke, 3D-modellar, nabovarsling både på papir og elektronisk, eigedomsinformasjon og mykje meir.

Dette sjølvbetjente tilbodet gjer at innbyggarar og næringsliv kan bestille produkt heile døgnet og det er rask levering. Du får bestilt produkt fra alle sju kommunane i same portal.

Kommunane har også på gang MinEigedom og E-byggsøk med fleire sjølvbetjente løysingar.

Lenke til tenesta: sunnmorskart.e-torg.no

Lenke til informasjon om e-nabovarsel.

Kontakt

Oddvin Aarskog
GIS-ingeniør
E-post
Telefon 70 03 00 75
Elling Flister
oppmålingsingeniør
E-post
Mobil 920 62 731
Marte Saure
informasjonskonsulent
E-post
Mobil 900 27 913