Merknadskartet syner innspela som er komne inn i samband med arbeidet med kommuneplanens arealdel for Vanylven kommune.
Merkndane er digitaliserte med omtrentleg plassering for ynskja utvikling. Merk at kartfestinga er ikkje rettsbindande for framtidig arealbruk, men illustrerer om lag kvar innspela er registrerte.
Framgangsmåte:
Klikk på eit polygon (flateforma figur i kartet) for å opne informasjonspanelet. Her kan du sjå det unike nummeret knytt til innspelet, samt namnet på den som har sendt det inn. Nederst i informasjonsvindauget finn du òg lenkja til sjølve merknaden, slik at du kan lese innhaldet i innspelet i sin heilskap.
Generelle innspel:
Innspel som er generelle og ikkje knytt til spesifikt areal er ikkje digitalisert som polygon. Desse går fram av merknadsskjemaet og er tilgjengelege via kommunen si postliste nedanfor, med lenkje vidare til den aktuelle saka.
For meir informasjon om arbeidet med kommuneplanens arealdel, gå til “Bygg, plan og eigedom” → "Kommunal planlegging" → "Revisjon av kommuneplanens arealdel".