Servicetorget og Nærtenestesenteret – no samla på CombisenteretVi har flytta Servicetorget frå Rådhuset og slått det saman med Nærtenestesenteret i nye, moderne lokale i 2. etasje på Combisenteret. Inngangen ved Rådhuset er stengd, og vi ønskjer deg velkomen til ein stad der du får dei same tenestene som før – og endå meir.Opningstider:Måndag–torsdag: 09:00–15:00Fredag: 09:00–14:00 Helle Thomassen Kva tilbyr vi?Hos oss får du hjelp med alt frå kommunale tenester til digitale utfordringar. Mange offentlege tenester er flytta til nett, og det kan vere krevjande å finne fram – særleg viss du ikkje er van med digitale løysingar, har språkbarrierar eller berre treng litt rettleiing. Vi er her for å gjere det enklare.Nye moglegheiter hos ossPublikums-PC-stasjonar: Vi har to PC-stasjonar der du kan sitje og jobbe sjølvstendig.Skannar og skrivar: Tilknytt arbeidsstasjonane – perfekt viss du treng å skanne dokument eller skrive ut.Teknisk hjelp: Vi hjelper deg med det tekniske viss du står fast.Timebestilling:Treng du å møte ein saksbehandlar på teknisk eller ordføraren? No kan du enkelt bestille time via kommunen sine nettsider. Treng du å bestille time med nokon andre, ta kontakt med Nærtenestesenteret, så hjelper vi deg.Usikker på korleis? Kom innom – vi viser deg korleis du gjer det.Du kan òg bestille time med Nærtenestesenteret for større oppgåver, som å skanne kvitteringar og sende inn refusjon til Helfo, fylle ut reiserekningar, finne fram på Skatteetaten sine sider m.m.Her kan du booke tidKvifor kome til oss?Vi hjelper med digitale tenester og rettleiing i offentlege system.Vi gir støtte til deg som synest internett er vanskeleg, eller som ikkje føler deg trygg på data.Vi bistår viss du har utfordringar med språk eller forståing av forvaltningssystem.Kva kan vi hjelpe deg med?Bruk av publikums-PC og internettUtskrift og skanning av dokument (utskrift er mot betaling)Hjelp med e-post og digitale skjemaRettleiing i offentlege tenester på nett (Helfo, NAV, Skatteetaten m.m.)Bestilling av time med kommunen sine saksbehandlararRettleiing når du skal sende inn søknader og refusjonar på nettEnkel bruk av mobil eller PCGenerell teknisk rettleiingSpråkstøtte og forståing av offentlege dokumentUt av handikappbevisUtferding av ledsagarbevisUtdeling av søppelposar for plast og matavfall