Saurdalen i Vanylven blir rusta opp
Møre og Romsdal fylkeskommune skal forsterke og legge ny asfalt på fv. 5856 langs Saurdalsvatnet i Vanylven. Prosjektet er ein del av den fylkeskommunale tiltakspakka knytt til koronautfordringane.
Publisert 06.05.2020 15:10
Sist endra 06.05.2020 15:10
Vegstrekninga skal få ny drenering for å lede vatn bort frå vegkroppen. Parti med svake vegkantar blir forsterka. Det blir lagt eit tjukt lag ny asfalt på heile strekningen som skal vere med på å auke bereevna til vegen. Det blir også sett opp nytt rekkverk.
Arbeida startar fyrste veka i mai og vil strekke seg til seinsommaren. Trafikantar må rekne med ei ventetid på inntil 20 minutt og enkelte dagar kan det bli naudsynt å stenge i kortare periodar. Utrykkingskøyretøy kan alltid passere.
Forsterkingsprosjektet blir gjennomført av Mesta og underentreprenør Eikrem Maskin, på vegner av Møre og Romsdal fylkeskommune.