Samling for ordførarane og kommunedirektørane på søre Sunnmøre

Samling for ordførarane og kommunedirektørane på søre Sunnmøre

  

Ordførarane og kommunedirektørane i Sjustjerna møtest om lag fire gongar i året, på omgong i dei sju kommunane våre Hareid, Ulstein, Ørsta, Volda, Herøy, Sande og Vanylven. Fredag 13. mai var samlinga på kommunestyresalen på Fiskå, der vi mellom anna diskuterte felles flaggreglement for kommunane våre, samt styrking av sjustjernesamarbeidet. Ruteendringsprosessen i fylket vart omsnakka, mellom anna om innmatingsruter mot Framekspressen og takstar på hurtigbåten. Mafoss har sendt kommunane ein felles søknad om støtte til kompetanseprosjekt, så vidare oppfølging av dette var også tema.

Etter fellesmøtet hadde kommunedirektørane og ordførarane møte kvar for seg. Ordførarane diskuterte mellom anna deltaking i Pride-markeringa i Volda og på Monsiaden, vi diskuterete også veteranplan, korleis drive felles lobbyarbeid, samt autorisasjon av landmålarar. Slutten av dagen tok vi på Rovde, der vi samla viser vår bekymring for framtida til det norske landbruket. Reportasjen kan du sjå 3 minutt ut i sendinga som gjekk på Nrk Møre og Romsdal sist måndag:  https://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-moere-og-romsdal/202205/DKMR98051622/avspiller