Samarbeidsavtale mellom Synste Møre og Vanylven kommune

 

Vanylven kommune vil i ein ny samarbeidsavtale med Synste Møre betale for lag og organisasjonar sine annonser i lokalavisa. Kommunen ønskjer å stimulere frivillege lag og organisasjonar som tilbyr gratis og opne arrangement for innbyggjarane i kommunen, utan mål og økonomisk vinning. Dette vil seie aktivitetar som ikkje krevjer medlemskap. 

Vi er veldig positive til dette samarbeidet, og håpar det er med på å hjelpe det frivillege arbeidet i kommunen. 

Døme på organisasjonar/grupper som kjem under ordninga:

  • Barnas Turlag
  • IL sine undergrupper (opne aktivitetar som felles fjellturar, sykkelturer, mm.)
  • Gratis konsertar
  • Strikkekafe i Syltefjorden bygdehus (arrangement der ein kanskje betaler litt for kaffi og kake, men ikkje inngang eller lodd til basar, osv.)


Lenke til Synste sin aktivitetskalender finn du her