Retningsliner for tildeling av helse- og omsorgstenester

Retningsliner for tildeling av helse- og omsorgstenester

Retningsliner for tildeling av helse- og omsorgssenter i Vanylven kommune - (PDF, 2 MB) 

 

Dette dokumentet er meint å presisere korleis Vanylven kommune tildeler helse- og omsorgstenestene sine. Vi ynskjer å skape ei felles forståing for nivået på tenesteytinga med bakgrunn i lovverk, faglege og juridiske vurderingar, og politiske prioriteringar.

 

Vi ynskjer at retningslinene skal gje både tenestemottakar og tenesteutøvar god informasjon om tenestene og kva ein kan forvente når ein tek i mot kommunale helse- og omsorgstenester.

Det er ynskjeleg at det skal vere samsvar mellom økonomiske rammer og kapasiteten i tenestene, retningsliner for tildeling av tenester og kvaliteten på tenestene.
Helse- og omsorgstenestelova § 3-1:

 

  • «Kommunen skal sørge for at personar som oppheld seg i kommunen, vert tilbode naudsynte helse- og omsorgstenester. Kommunen sitt ansvar omfattar alle pasient- og brukargrupper, herunder personar med somatisk eller psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne.»
  •  Kommunen sitt ansvar inneber plikt til å planlegge, gjennomføre, evaluere og korrigere verksemda, slik at tenesta sitt omfang og innhald er i samsvar med krav fastsett i lov eller forskrift.
  •  Kommunen har plikt til å tilby innbyggjarane tenester når sjukdom og medfødd eller erverva helsesvikt gjer det vanskeleg å meistre basale gjeremål i kvardagen. Kommunen må ivareta den lovmessige plikta til å gje tenester, men korleis ein vel å organisere tenestene er i større grad opp til den enkelte kommune. Gjennom individuelle, brukarvenlege, fleksible og effektive tenester vert det streva etter at ressursane vert utnytta effektivt, samstundes som brukarane til ei kvar tid er sikra at dei tenestane som vert gitt er naudsynte og forsvarlege.
  •  Kommunen legg vekt på å gje brukarane og pårørande god informasjon med det formålet å sørge for nøkterne forventningar om kva plikta til naudsynte og forsvarlege helsetenester inneber.
  • Retningslinene skal reviderast og skal leggast fram for vedtak i kommunestyret i kvar kommunestyreperiode. Dei utgjer eit dynamisk arbeidsverktøy. Kommunedirektøren kan difor gjere mindre tilpassingar undervegs.