Resultat frå arbeidsmiljøsmiljøundersøking

Resultat frå arbeidsmiljøsmiljøundersøking

MTM er ein spørjeskjema basert metode som gir suveren oversikt over korleis medarbeidarane og leiarane oppleve sin arbeidssituasjon og sitt arbeidsmiljø. 

Arbeidsmiljøundersøkinga viser ein svarprosent på 74% i 2025. Dette er om lag 10% opp frå 2022-målinga. Det er ei generell forbetring på dei fleste indikatorane sidan målinga i 2022. 

Vi må framheve at det resultat for Vanylven kommune på overordna nivå er svært bra. Det er ein positiv framgang på 18 av 19 faktorarar.  

Vi skårar høgt på meiningsfullt arbeid, som er eitt av dei viktigaste punkta for å skape høgt engasjement. Forsking viser at arbeidsengasjement er ein nøkkelfaktor. Vi får betre jobbprestasjonar, redusert fråvær, hjelpsamheitsåtferd, auka grad av læringsåtferd, auka brukartilfredsheit, engasjerte kollegaer og betre lønsemd for kommunen.  

Meiningsfylt arbeid oppstår når tilsette ser at arbeidet vi gjer gir ein verdi og at den tilsette ser at ein er viktig bidragsytar til dette. Folk er dedikerte og gjer jobben sin. I organisasjonen vår er det nokre kontrastar som vi vil jobbe vidare med. 

Relasjonsleiing, utviklingsorientert leiing  er noko som angår dei fleste temapunkta i undersøkinga. Mange har svært god score på dette, og nokon har eit utviklingsbehov. Behovet for større forståing av kva betydning engasjementfremjande leiing har. Det vere seg rolleforståing, innflytelse, tilbakemeldingar og konflikthandtering med meir.  

Det er behov for eit leiarutviklingsprogram som er tilpassa målgruppa i organisasjonen.   

På faktoren krav til læring er det fleire einingar som ligg lavt. Dette fører til manglande meistring som igjen skapar stress. Det er også ein større fare for at folk gjer feil. Kommunen har eit potensiale ved at opplæring må setjast i system og at kompetansenivået blir av sjekka. Dette kan koplast mot kompetansekartlegginga som er fullført. 

Rolleklarheit: Leiaren er rolleutviklaren og skal sørgja for at alle forstår sine/verksemdas måla sine, ansvarsområde og forventningar. Ut av undersøkinga kjem det fram at nokon einingar har ein for låg forståing av ansvarsområdet sitt og kva forventningar som blir stilte til arbeidet deira.  

Rollekonflikt: Nokon kjenner på at dei er usamde i nokre av avgjerdene som blir tekne. Korleis er det med medverknad og involvering? Eit spørsmål om korleis leiaren får alle tilsette til å vere delaktige i prosessane og om det som røre seg i eininga. 

Innflytelse: Nokre einingar og medarbeidarar hevdar dei har lite innflytelse på arbeidet. 

Alle leiarane, hovudverneombodet og hovudtillitsvalte er kjent med resultatet frå undersøkinga. 12.05.25 blei det sendt ut informasjon til leiarane om kva som er forventa av oppfølging av arbeidsmiljøundersøkinga. Leiaren har viktig rolle i å følge opp resultata saman med eininga/teamet sitt.  Alle tilsette har ei medverknadsplikt til delta aktivt i oppfølginga. Oppleve du at det ikkje er ei pågåande oppfølging av arbeidsmiljøundersøkinga er det fint å ta samtale med leiaren om at du meiner det er viktig å jobbe med undersøkinga framover i eininga di.   

HR leiaren si anbefaling til mellomleiarane er at det vert sett av tid til å gjennomgå rapporten i lag med sine tilsette. Dette fordi leiaren må presentere hovudfunna, lytte til refleksjonar og innspel frå sine tilsette, og saman kunne identifisere konkrete tiltak både på bevaringsområde og utviklingsområde. 

 Vegen vidare er planlagt slik: 

  • Leiar rapportere tiltaksplan til HR-leiaren. 
  • Tiltaksplanen må vere sendt til HR-leiar innan 23. juni 2025. 
  • Det blir satt opp statusmøte i september og evalueringsmøte nov/des. 
  • I alle AMU møter er arbeidsmiljøundersøkinga på agendaen. 
  • Leiar har fått materiell som skal brukast i avdelinga. 
  • Er det noko uklart ta kontakt med Aasta, HR- leiar.  

 

Dei aller fleste i Vanylven kommune gleda seg til å gå på jobb, kjem det fram i undersøkinga! 

Aasta Hamre HR-leiar