Smittesituasjonen lokalt og regionalt er oversikteleg. Siste rapporterte tilfelle i Vanylven var medio mai, og vi må framleis ta våre forhandsreglar.
Ytterdører vil framleis vere låste då vi må ha streng besøkskontroll for å redusere risiko for covid-19 infeksjon i sjukeheimane. Tilsette i avdelingane må ha kapasitet til å ivareta gode smittevernrutiner ved besøk, dette vil begrense kor hyppige og langvarige besøk den einskilde kan få. Dersom lokal smittesituasjon endrar seg kan disse reglane verte endra.
Retningslinjer frå 29.05.2020
- Besøk på omsorgssenteret skal framleis gjennomførast på eige tilrettelagt besøksrom. Vi arbeider med å finne løysingar på korleis besøk moglegvis kan gjennomførast på pasienten sitt rom. Vi oppmodar om flest mogleg besøk ute!
- Tal besøkande bør avgrensast til 1 - 3 per gong.
- 3Alle besøk skal avtalast med avdelinga (ansvarsvakt) i god tid på førehand. Du må seie ifrå om alle som kjem på besøk når du ringer, og det må avtalast for den einskilde pasient.
- Avdelinga samordnar tidspunkta for besøk. Varigheit av besøket bør vere inntil 30 min inne og inntil 1 time ute. Avdelinga må ha ei ansvarsvakt for kvar vakt som er godt kjent med smittevernrutiner og besøksretningslinjer.
- Ubegrensa besøkslengd let seg ikkje gjere per no om personalet skal ivareta gode smittevernrutiner. Vi arbeider med å få på plass besøksvertar som kan avlaste dei tilsette på avdeling med besøksavvikling.
- Det skal førast besøksprotokoll der ein registrerer namn og telefonnummer til alle besøkande, dette sikrar rask smittesporing dersom det vert naudsynt.
- Alle besøkande er forplikta å melde frå til institusjonen dersom dei etter besøket får påvist smitte med covid-19, eller vert definert som nærkontakt ved pågåande smittesporing.
- Den/dei som er besøkande skal vere friske, og ikkje ha teikn til luftvegsinfeksjon eller anna akutt sjukdom Om dei har hatt slik infeksjon skal dei ha hatt minst 2 døgn utan symptom før besøk.
- Besøkande skal gjennomføre handvask/spritvask før besøket og etter besøket. Det same gjeld den som mottek besøk. Ansvarsvakt skal sjå til at dette vert utført.
- Når ein har gjennomført god handhygiene er det greit å halde kvarandre i hendene i kortare tid (om dette er særleg viktig for bebuar), men unngå klemming og kyssing.
- Det generelle rådet er 1 m avstand.
- Det er lov å ta med gåver, blomster etc.
- Pårørande kan gå tur i lag med bebuar i hagen/rundt sjukeheimen. Om rullestol nyttast, skal handtak desinfiserast før/etter. Tur kan ikkje leggast innom heim/andre hus, butikk etc. Den som er med bebuar, har ansvar for at bebuar held smitteverntiltak under tur (held 1 m avstand til dei ein møter, unngår handtrykk o.l.). Ring personal ved når turen vert avslutta. Varigheit inntil 1 time.
- Besøk aukar smitterisiko. For dei pasientane som ikkje sjølv har forståing for smitterisiko ved besøk, ynskjer vi at andre enn dei som er nærmaste familie (ektefelle, barn, barnebarn), avtaler med hovudpårørande om besøk er ok.
Alle besøkjande er ansvarlege for å sette seg inn i føringane for besøket, og på førehand tusen takk for at alle bidreg til å minimere risikoen for at vi får smitte inn til dei mest sårbare av innbyggjarane våre.
- Mvh. avdelingsleiarane og kommunelegen
Heile rettleiaren frå Helsedirektoratet kan du lese her