Opning av Søre Sunnmøre legevakt i Hovdebygda, Ørsta

Opning av Søre Sunnmøre legevakt i Hovdebygda, Ørsta

 

1.februar opnar Søre Sunnmøre legevakt i moderne lokaler i Hovdebygda.

Søre Sunnmøre legevakt er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane på Søre Sunnmøre med Volda kommune som vertskommune. Det varierer mellom kommunane kva tenester dei har gjennom Søre Sunnmøre legevakt.

For Vanylven kommune sine innbyggjarar er det inga praktisk forskjell frå tidlegare ordning. Tidlegare var legevakta lokalisert ved Volda sjukehus, og har no kome i nye lokaler i Hovdebygda,Ørsta.

Vanylven har som før eiga legevakt, men har kjøpt teneste til legevaktformidling og vil fortsette å gjere det. Legevaktformidlinga blir no bemanna frå Hovdebygda og ikkje Volda sjukehus.

Det vil sei at når ein ringer legevakta vil ein kome bort i Hovdebygda, der dei tek seg av formidlinga av henvendelsar i Vanylven.

Timar må avtalast på førehand via legevaktsentralen. På dagtid i vekene er det vanleg legevakt og øyeblikkeleg hjelp som før på Vanylven legesenter kl. 08.00-16.00.

Søre Sunnmøre legevakt inneheld følgjande:

  • Legevaktsentral for alle sju kommunane på Søre Sunnmøre. Hit kjem ein når ein ringer det nasjonale legevaktnummeret 116117 heile døgnet, eller dei lokale legevaktnummera etter kontortid.
  • Ring legevakta på telefon 116117 før ein møter opp på legevakt. På grunn av den pågåande pandemien er dette ekstra viktig no.

På Søre Sunnmøre legevakt vil det arbeide legar, sjukepleiarar, paramedisinarar og ambulansepersonell. Desse vil saman gjere sitt beste for å gje innbyggarane naudsynt helsehjelp. Tradisjonelt har legevakt i Distrikts-Noreg vore ein lege aleine på heimevakt. Legen har ofte rykka ut til ulukker, til pasientbesøk i heim eller møtt pasientar på legekontoret utan anna hjelp.

Den nye akuttmedisinforskrifta stiller krav til mellom anna tryggleik, kompetanse og kvalitetssikring i legevakttenesta. For å stette krava i forskrifta, samt å legge til rette for god kvalitet og gode arbeidstilhøve på legevakt, har kommunane no teke eit løft og oppretta Søre Sunnmøre legevakt. Ei godt fungerande legevakt er viktig for innbyggarane, og er også viktig for å rekruttere fastlegar, då fastlegane har legevakt som ei pålagd oppgåve knytt til fastlegepraksisen. Legevaktlegen ein møter vil oftast vere ein fastlege frå distriktet. I tillegg vil ein møte sjukepleiarar eller paramedisinarar som er operatørar på legevaktsentralen og som tek imot pasientane når dei kjem til legevakta. I samråd med legen vil dei ta naudsynte prøver og målingar, og syte for at pasientane får den hjelp og handsaming dei må ha. Legevakta har og ein utrykkingsbil oppsett med akuttmedisinsk utstyr på line med ambulansane. Det er erfaren ambulansearbeidar som bemannar denne saman med legen på utrykking og sjukebesøk. Når legevaktbilen ikkje er i bruk er ambulansearbeidaren ein del av teamet inne på legevakta.

Prosjektet med etablering av den nye legevakta har og styrka samarbeidet mellom Volda og Ørsta knytt til handtering av pandemien. I arbeidet med testing og smittesporing, og no også med vaksinering, dreg ein både praktisk og organisatorisk nytte av legevaktsamarbeidet.

Kommunane på Søre Sunnmøre har i mange år hatt avtale med Helse Møre og Romsdal om drift av legevaktsentralen og nattlegevakta i akuttmottaket på sjukehuset. Kommunane er særs godt nøgde med dei tenester som er levert av akuttmottaket på Volda sjukehus. Vi vil med opninga av ny legevakt nytte høvet til å takke sjukepleiarane i akuttmottaket for innsatsen som er lagt ned gjennom mange år for å gje råd og rettleiing til innbyggarane på legevakttelefonen, koordinere og hjelpe legane på vakt rundt om på Søre, og for å vere gode medarbeidarar og hjelp for nattlegevakta. Vi ser fram mot eit framleis tett og godt samarbeid med Volda sjukehus og resten av Helse Møre og Romsdal for å ivareta innbyggarane våre best mogleg.

Klikk for stort bilete