Ønskjer du å ta tak? Ta Tak er eit kurs for deg som er pårørande til nokon som slit med si psykiske helse og/eller rusmiddelavhengigheit. Kurset TA TAK er gratis og går over 6 kveldar, med ein kurskveld i veka. Tema på kurskveldane: Meistring og verdigheit Tvang og rettigheiter Behandling Pårørandeorganisasjonar Søsken og andre barn i familien Familieperspektivet Det er to innlegg på kvar kurskveld – eitt frå fagpersonar frå kommune eller 2.-linjetenesta og eitt frå personar som delar sine eigne erfaringar. Kurset vert halde på Prestegården i Volda onsdagar kl.18 - 20 med oppstart 16.09.20. For meir informasjon eller påmelding, ta kontakt innan 01.09.20: Synnøve Takseth, tlf. 95898300 synnove.takseth@volda.kommune.no Marita Øye, tlf. 91246379 marita.oye@volda.kommune.no Kari Grong, tlf. 46821748 kari.bjerkeng.grong@volda.kommune.no Arrangør: Volda kommune i samarbeid Ulstein, Hareid, Herøy, Vanylven, Sande og Ørsta kommunar, Kompetansesenter Rus – Midt-Norge (KoRus), Ålesund behandlingssenter og DPS. Sist endra 02.07.2020 08:29