Offentleg ettersyn av planprogram for kommuneplanens arealdel 2022-2034

Offentleg ettersyn av planprogram for kommuneplanens arealdel 2022-2034

Kommunestyret i Vanylven kommune vedtok i møte den 13.12.2021, å sende forslag til planprogram for kommuneplanens arealdel 2022-2034, på offentleg ettersyn/høyring. Planprogrammet beskriv formålet for arbeidet med kommuneplanens arealdel, forventningar og føringar for arbeidet, sentrale tema og rammar for planen, og dessutan ein medverknads- og framdriftsplan for prosessen.

Planprogrammet

Politisk vedtak

Digitalt folkemøte

Det vil haldast digitalte folkemøte i løpet av høyringsperioden for planprogrammet – dato for møte vil annonserast på heimesida.

Fokusgruppe - vil du vere med?

I samband med utarbeidinga av kommuneplanens arealdel skal kommunen opprette fokusgruppe. Dette er ein medverknadsmetode der folk frå kommunen, innbyggarar, næringsaktørar, interesseorganisasjonar og andre samlast til jamlege møte der ein diskuterer eitt eller fleire tema knytte til ein plan. Målet er at ulike personar med ulik bakgrunn og ulik innfallsvinkel saman dykkar ned i eit tema for å diskutere dagens situasjon, moglegheiter, utfordringar og korleis ein ønsker at det skal bli i framtida. Fokusgruppa vil møtast omlag annakvar månaden i starten – alle førebuingar, møteinnkallingar, referatskriving og så bort etter blir gjorde av kommunen.

Om du har lyst til å vere med i ei slik gruppe, ber vi deg om å ta kontakt med oss på e-post: postmottak@vanylven.kommune.no. Merk emnet i e-posten med "Fokusgruppe - arealdelen". Gjerne presiser kva tema du er spesielt interessert i.