Nytt tilbod: Drop-in-opphald på DagtilbodetSaman med Dagtilbodet vil vi opne opp for drop-in-opphald. Her er tanken vår, at om du som pårørande skal eit ærend, som til dømes til tannlege/lege, fotpleie, frisør, sjukehustime m.m. så kan vi kanskje hjelpe deg. Har du nokon heime som ikkje kan vere åleine, kan du ta kontakt med oss dagen før og avtale tidsrom du/de treng eit tilbod.Drop-in-opphaldet vil vere ei prøveordning og er GRATIS i prøveperioden. Om det er ynskjeleg kan ein få kjøpt seg middag. Middag med dessert koster kr 124,- og må betalast kontant.Dagtilbodet er åpent; måndag, tysdag, onsdag og torsdag frå kl 09.00-15.00. Bringing og henting må du som pårørande ordne innanfor denne tidsramma.Aktivitetar som vi har er; hobbyaktivitetar, trim, spel, lesing, «ein god prat», kulturtilbod, aktivitetar i Sansehagen, sosialt samvær m.m. Håper mange vil sjå nytta i eit slikt drop-in-tilbod! Ta kontakt med oss om du lurer på noko eller vil bestille drop-in-opphald:Siv Brekke Fagervoll 47637171Rose-Mari Thunem Nygård 48246904 Sist endra 02.05.2025 12:10