Nytt kurs i Frisklivssentralen – Kvardagsglede

Nytt kurs i Frisklivssentralen – Kvardagsglede

Det vi gjer, påverkar korleis vi har det i kvardagen. Dette kurset er utvikla av Rådet for psykisk helse, og det vil gje deg inspirasjon, råd og hjelp til å øve på fem konkrete grep som kan gi deg ein betre kvardag, auka livskvalitet og sterkare psykisk helse:
Vere oppmerksam – Vere aktiv – Fortsetje å lære – Knyte band – Gje.

Kurset går over seks kursdagar, og kvar økt varer i om lag 2–2,5 timar.
Kurset går måndagar etter påske kl. 12:30–15:00, med oppstart 28.04.25.

Rådet for psykisk helse

Kurshaldarar er Ingunn Botnmark og Silje Marita Vallestad.
Kursavgift: 300 kroner.

Påmelding innan 23. april til Silje på e-post/SMS/telefon:
silje.marita.vallestad@vanylven.kommune.no / 919 95 346