Nye søknadsskjema gjev svar på minuttet

Nye søknadsskjema gjev svar på minuttet

 

Måndag 14.desember vert det fyrste elektroniske skjemaet lansert der den som søkjer får automatisk vedtak.

Dette er eit framsteg for den som søkjer, i tillegg til at arbeidsprosessar i kommunen vert automatisert og effektivisert.

Kva skjema gjeld dette i første omgang?

Det fyrste skjemaet vi har automatisert er ambulerande skjenkeløyve og skjenkeløyve for einskildhøve. Grunnen til at dette skjemaet vart det fyrste er at lovverket og alkoholpolitisk plan er tydelege på kva ein kan gje løyve til.

På grunn av koronasituasjonen vil nok skjemaet ikkje verte så mykje brukt, men ligg klar til bruk når det er lov å halde arrangement igjen.

 

Kva betyr det for deg som skal søkje?

For å gjere det enklare for søkjarane er det som tidlegare var to søknadsskjema no erstatta av eit skjema. Er du usikker på om ting er søknadspliktig eller kva du skal velje av løyvetype, skal dette no kome klart fram i skjemaet.

Det er lagt inn ein del kriterium som gjer at søkjar kan få automatisk tildelt løyve. Det vil seie at du kort tid etter at søknaden er sendt inn vil få vedtak om løyve uansett kva tid på døgnet du søkjer.

Er der forhold som ikkje er oppfylt eller som ligg utanfor det som er bestemt i lovverk og alkoholpolitisk plan, vil saka gå til manuell handsaming. Sakshandsaming skjer då som tidlegare. Det vil seie at det vil ta litt tid før du får svar.